Synkronisering

Det er to typar synkronisering:

Synkronisering av katalogar og filer handlar om å oppdatere katalogstrukturen med albumstrukturen i databasen. Synkronisering av metadata for filer (bilete) handlar om å oppdatere informasjon om bilete slik som filstørrelse, dimensjonar (i bildepunkt), EXIF eller IPTC informasjon med informasjon i databasen.

Når synkronisering av opplasta bilete skal gjerast i galleriet, må du fyrst synkronisere katalogar og filer.

Synkroniseringsprosessen kan ta lang tid (kjem an på kor mykje serveren er lasta og antal element som skal handterast), det er difor mogleg å gjera det for eit og eit album.